Vinterlandbruksskulen kjem til Sauda
– Judith Sørhus Litlehamar
– Her får elevane fagleg kunnskap om gardsdrift, og eit nettverk innan landbruket, seier rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, Ingvild Luteberget Nesheim. Til hausten kjem den omreisande agronom-utdanninga til Sauda.
Vinterlandbruksskulen i Ryfylke tilbyr eitt-årig agronomutdanning og flyttar seg årleg frå kommune til kommune i Ryfylke og Haugalandet. Studiet fylgjer skuleruta i vertskommunen og er lagt opp med undervisning to kveldar og ein dag i veka, i tillegg til ein laurdag i månaden. I løpet av året er elevane innom faga, husdyr – og planteproduksjon, utmark og kulturlandskap, økonomi i tillegg til traktor og maskinar. Det er 12 år sidan skulen var i Sauda, så rektor Luteberget Nesheim håpar mange no vil nytte seg av sjansen til å ta lokal agronom-utdanning.
– Me ønskjer å tilby agronomutdanning der folk er, slik at dei kan kombinere utdanninga med å drive gard og eventuelt anna arbeid dei må ha utanom.
Etter at komande skuleår i Sauda er over er det planen at Vinterlandbruksskulen tar turen over fjorden frå Sauda til Suldal i 2022. Skulen er gratis, inkludert lån av lærebøkene.
Praktisk undervisning
Undervisninga er ein kombinasjon av teoretisk undervisning i klasserommet, og praksis og utferder der ein får kome tett på ulike produksjonar.
– Det er viktig at undervisninga gir kunnskap som er praktisk nyttig. Det er viktig at elevane lærer å tenke kritisk, og blir i stand til å vurdere om råd og løysninger dei blir anbefalt vil væra rett for dei i deira situasjon, meinar rektor Luteberget Nesheim
Ho kjem frå stilling som rådgjevar i Tine, og driv sjølv gard med ammekyr i Vats. På Vinterlandbruksskulen underviser ho i husdyrfag.
Variert bakgrunn
Elevane på Vinterlandbruksskulen i Ryfylke har eit breitt spekter både med tanke på alder og bakgrunnskunnskap. Det er krav om studiekompetanse eller realkompetanse, i tillegg til at alle må ha seks månadar landbrukspraksis før dei kan søkje.
– Her er elevar som har drive gard i mange år, og dei som kanskje drøymer om å kjøpe seg småbruk. Dette gir eit godt klassemiljø, der elevane utfyller kvarandre med erfaring og kunnskap. Me ynskjer å læra dei å drive gard på ein berekraftig måte, både miljømessig og økonomisk.
– Drifta skal vere i tråd med god dyrevelferd, då er det viktig at dei ser når dyra har det godt, fortel Luteberget Nesheim og viser til at KuSignaler er eit av kursområda elevane blir kjende med. KuSignaler er eit kurskonsept der du lærer korleis du kan observere åtferda til dyra og for å betre dyrevelferd og lønnsemd, fortel rektor og viser til at elvane også gjennom året får ta andre kurs som er pålagt i landbruket.
– Her får elevane mellom anna tatt kurs i bruk av plantevernmidlar, inseminering av sau, varmearbeid, HMS og motorsagbruk.
Lærer økonomistyring
Agronom-utdanninga rustar eleven til å bli ein bonde som kan handtere alle deler av gardsdrifta, frå planteproduksjon, til husdyrhald. I faget traktor og maskiner lærer ein om traktor og redskaper som blir brukt på ein gard, og ikkje minst korleis ein kan ta vare på utstyret. Økonomi er også eit viktig tema, både internt på garden for å auke lønnsemda og sett i lys av storsamfunnet der reglar og politiske vedtak er viktige å kjenne til.
I økonomi-faget lærer elevane om etiske vurderingar, konsesjonslov og matsituasjonen globalt. I tillegg får dei ei grundig innføring i korleis ein lagar driftsplanar og set opp gode kalkylar for drifta ein planlegg.
– Dette er eit fag der me kan få gode diskusjonar og samtalar, på Vinterlandbruksskulen er det vaksne elevar, noko som og gjer at nivået på refleksjon er høgt. Me har gode lærarar som alle har relevante jobbar i tillegg, fortel rektoren og viser til lærarstaben der ein finn folk som jobbar med undervisning på vidaregåande, jobbar i rekneskapsfirma og som rådgjevarar.
– Dei praktiserer også faget sitt og dei fleste bur på gard. Det er viktig at dei har tilknyting til det praktiske landbruket. I tillegg til desse ynskjer me å knyte til oss gode føredragshaldarar i løpet av året, elevane skal få den siste oppdaterte kunnskapen av flinke folk, slår ho fast.
Liv til næringa
Rektor Ingvild Luteberget Nesheim legg vekt på at nettverket ein får på skulen er viktig. Her blir ein kjent med andre bønder i nær-området og får nokon å dele utfordringar med også etter at eksamen er overstått på våren og ein har agronom-tittelen i boks.
– I tillegg til at dette er eit kompetanseløft er det også med på å heve statusen i yrket. Mange føler at bonden har meir status no, enn før i tida. Å vere bonde kan også vere eit einsamt yrke, året på Vinterlandbruksskulen kan bidra til å gi liv til næringa.