AGRONOM-KURS
Kurset varer eitt år og gjev kompetansen agronom. Oppstart er ca 20. august.
Du lærer det viktigaste om foring og stell av dyr, planter, jordlære, plantelære, biologi, teknikk, økonomi, miljø, og generll naturbruk. Kulturlandskap og naturforvaltning har stor plass i timeplanen.
På Vinterlandbruksskulen kan du fordjupe deg i emner du er interessert i . For eksempel sau, hestefag, miljøfag . Andre emner kan også vere aktuelle.
Variert undervisning
Undervisninga er lagt opp som førelesingar, gruppearbeid , demonstrasjonar og utferder til gardsbruk og bedrifter.
Skulen har eigne velutdanna lærarar. I tillegg leiger me inn mange timelærarar og gjesteførelesarar.
LENGRE FAGTURAR
Fagturer og utferder er ein viktig del av undervisninga. Me legg opp til to lenger turer i løpet av året, og om det er mogleg prøver me å legge opp til ein utenlandstur om våren.
Kveldar og dagar
Sidan mange av elevane ynskjer å behalda jobben sin medan dei går på skulen, forsøker me å tilpassa undervisningstida til det så godt som råd. Me har dei siste åra hatt følgjande timeplan:
Tysdagar 18.00-21.20
Onsdagar 18.00-21.20
Torsdagar 09.00-15.30
Laurdagar 09.00-15.30 (ca. ein gong i månaden)
PRAKSIS
I skuleåret skal det også vere praksis på gard. Har du gard sjølv, kan du vere der. Skulen hjelper til med å skaffe praksisgard til dei som ikkje har gard sjølve.
PLANTE-PRODUKSJON
I planteproduksjon arbeider vi med å kunne forstå korleis rett bruk av gjødsling, rett stell av jord og planter og rett bruk av plantevern-middel kan medvirke til best mulig resultat i planteproduksjonane på garden. Undervisninga legg hovudvekt på grovfordyrking.
Vi kjem til ta utgangspunkt i dykkar eigne gardar og rekne på kor mykje næringsstoff som ein kan få frå jord og husdyrgjødsel, og eventuelt kor mykje mineralgjødsel ein må kjøpe. Vi ser også på berekning og verknad av kalk. Vi reknar først litt manuelt, seinare på data.
Vi ser også på kva krav som blir sett frå myndigheiter og andre, for å kvalitetssikre ulike produksjonar.
Vi skal lære å kjenne igjen ulike jordtypar og kva eigenskapar dei ulike jordtypane har som dyrkingsjord. Vi går inn på korleis jord er bygd opp med mineralpartiklar (leir, silt, sand), mold, luft, vatn og jordliv, og korleis dette påverkar jorda som dyrkingsjord. Vi ser også på korleis maskinbruk og grøfting påverkar jordkvaliteten.
Vi skal lære meir om ulike næringsstoff og korleis dei oppførarar seg i jord og planter. Vi kjem også til å gå inn på korleis ein kan utnytte næringsstoffa best mulig i gjødslinga slik at ein får best mulig avling og minst mulig forureining.
Du vil lære meir om dei viktigaste plantene vi dyrkar med hovudvekt på grovfordyrking. Vi ser på ulike eigenskapar og stell av ulike grastypar. Vi kjem også innom rotvekstar, korn og potet.
Vi ser på korleis vi kan bruke plantevernmiddel på ein rett måte. Du lærer om ugras, sjukdom og skadedyr i dei viktigaste kulturane. Du vil få tilbod om å ta sprøytesertifikatet.
HUSDYR-PRODUKSJON
I husdyrproduksjon arbeider vi med å kunne forstå korleis godt stell, rett fôring, medvite avlsarbeid og god dyrevelferd kan medvirke til best mulig lønsemd i husdyr-produksjonane på garden. Undervisninga legg hovudvekt på storfe, sau, gris og høns.
Vi går inn på hovudinnhaldet i viktige lovar og reglar som gjeld husdyrhald.
Vi skal lære å ”lese dyra”, forstå kva vi ser, og gjere dei tiltaka som er nødvendige.
Vi skal drøfte kva som ligg i omgrepet god dyrevelferd, kva som har innverknad på dyrevelferd, og korleis vi kan skape gode forhold for dyra.
Vi legg vekt på å forstå fordøyinga hjå einmaga og fleirmaga dyr, og korleis vi ut frå denne kunnskapen vel fôrmiddel, gjennomfører praktisk fôring og driv førebyggjande helsearbeid.
Vi ser på korleis fôring og stell påverkar kvaliteten på dei ulike husdyrprodukta.
Du skal lære å kjenne dei vanlegaste husdyrsjukdomane, og korleis du kan drive aktiv førebygging gjennom gode driftsløysingar og rutinar.
Vi skal sjå på bygningsløysingar og drøfte innreiing, ventilasjon og bygningstypar for aktuelle dyreslag.
Vi finn fôrbehovet til dyr i vekst og produksjon, og sett opp plan for korleis ein kan dekke dette med bruk av fôrressursar frå garden og innkjøpt fôr.
Vi bruker fôranalysar eller andre måtar å finne fram til kvaliteten av grovfôr, og korleis ulike faktorar påverkar fôrkvaliteten.
Vi arbeider for å forstå korleis dyra sine eigenskapar blir ført vidare frå ein generasjon til den neste, og korleis ein gjennom avlsarbeid kan påverke desse eigenskapane.
Vi skal vurdere kvalitetssikring og kjenne krav til kvalitetssikring i dei aktuelle produksjonane.
Vi skal drøfte korleis bøndene kan sikre marknaden for norske husdyrprodukt, og kva forbrukarar og politikarar ventar av husdyrhaldet.
UTMARK OG KULTUR-LANDSKAP
I utmark og kulturlandskap underviser me i grunnleggande biologiske prosessar i naturen, i det viktige begrepet biologisk mangfald og forhold som virkar inn på det. Me ser på produksjon, skjøtsel av skog og utmark. Aktuelle tema:
Økologi og biologisk mangfold.
Grunnleggende plante og dyrelære.
Hjortevilt.
Fleirbruk av naturressursane (utmark og kulturlandskap).
Teori og synfaring i område med mykje kulturminne
Vern av natur. Rød og svart listen. Ulike vernetyper.
Stell og bruk av motorsag og sikkerhet rundt dette.
Rovdyr.
Teori og synfaring ute i kulturlandskapet.
Kjennskap til diverse kulturminne.
GARDSDRIFT
I gardsdrift arbeider vi med forvalting av verdiar, produksjonsapparat og naturressursar på garden ut frå omsynet til økonomi, regelverk og etiske prinsipp. Faget skal gje ei grunnleggjande økonomisk forståing. Aktuelle tema:
Offentleg virkemiddelbruk og støtteordningar, der vi mellom anna lærer å rekne ut produksjonstilskota for eigen gard.
Leige, forpakting, kjøp og overdraging av landbrukseigedom.
Vi skal rekne ut dekningsbidrag, driftsoverskot og andre aktuelle lønsemdsmål for å vurdere økonomien på garden.
Vi skal sjå på kva som påverkar økonomien i ulike produksjonar, og korleis vi kan setje opp kalkylar.
Vi skal arbeide med kartlegging av ressursane på garden og med eigne målsettingar for gardsdrifta.
Nyetablering med utarbeiding av forretningsplan for ei tilleggsnæring skal vi arbeide ein del med.
Vurdere lønsemd og tiltak som kan betre det økonomiske resultatet.
Økonomisk vurdering av vedlikehald og investeringar på garden og korleis vi skal finansiere dette. Utarbeiding av produksjonskalkylar og driftsplan for eigen gard.
Utarbeiding av produksjonsplanar og tilpassing av produksjonane til endringar i rammevilkåra
Me set opp 5 årige driftsplanar for ein gard – du kan setje opp for din eigen gard om du ønsker det
Økonomi og Driftsleiing
Me ser gardsdrifta sitt forhold til samfunnet og me ser på lovar og reglar som gjeld for gardsdrift.
Rekneskapsforståing og skatte- og trygdemessige forhold.
Risiko og forsikring av personar og eigedelar på garden får vi gjennomgått av eit forsikringsselskap.
Landbrukshistorie og landbruket sin plass i samfunnet i dag
Norsk og internasjonal landbrukspolitikk.
Dei viktigaste lovene: Odelslova , Konsesjonslova, Jordlova, Beitelova,Gjerdelova m.fl.
Matvaresituasjonen i verda
Vurdering av val av foredlings- og omsettingsformer av produkta frå garden, der kunnskap om landbrukssamvirket inngår som ein viktig del.
Kvalitetssikring i landbruket – KSL der også helse, miljø og sikkerhet – HMS høyrer til. Vi lagar plan for eigen gard..
Helse og rett bruk av kroppen for bonden.
Vi vil som ein viktig del av undervisninga, reise ut på bedriftsbesøk eller hente inn aktuelle fagpersonar for å gjere kunnskapen meir variert og tidsaktuell.
Rettar og plikter for både arbeidsgjevar og arbeidstakar skal vi òg sjå litt på.
Traktor og Maskinar
Aktuelle tema som vert drøfta:
· Traktor og transport
· Grashausting
· Så og gjødsel
· Korn og halmberging
· Poteter og rotvekstar
· Jordarbeiding (tromling)
· Plantevern (beitepussing)
· Nydyrking og grøfting
· Teknisk utstyr i driftsbygning
Me går gjennom mykje av dei maskinane som vert nytta i landbruket. Målet er at de skal læra korleis maskinane vert nytta, og ikkje minst – korleis dei skal vedlikehaldast.
Dei som har liten eller ingen erfaring i bruk av traktor, får ei enkel opplæring i dette. Undervisninga har ei praktisk tilnærming der målet er at ein skal ha nytte av det ein lærer i kvardagen.
Det vert lagt vekt på å kunna vurdera ulike maskinar, fordelar og ulemper med dei, og korleis dei påverkar økonomi og miljø.