SKULENS HISTORIE
Skulen starta opp 1979, – fyrste året som ein avdeling av Vinterlandbruksskulen på Jæren www.vlj.no – og deretter som sjølvstendig skule.

STIFTELSE
Skulen er driven som ein stiftelse der kommunane i Ryfylke er stiftarar. Antal kommunar i stiftelsen har variert. I dag er alle kommunane i Ryfylke med i stiftelsen og i tillegg er Tysvær og Bokn kommunar på Haugalandet med !
Skulen kjem inn under Privatskulelova og føl same fagplaneverket som dei fylkeskommunale skulane.
FORMÅL
Formålet til skulen er å gje tilbud til utdanning i naturbruk til vaksne personar som pga familie og jobb vanskeleg kan reisa vekk for å ta utdanninga.
«VINTER»
Ordet vinter i Vinterlandbruksskulen kjem av at undervisninga var lagd til vintermånadane september-påske, – då var det rolegaste tida på gardane. Elevane gjekk på skulen kvar dag i veka.
I dag har elevane jobb ved sida av garden og undervisningstida er lagd opp med to kveldar og ein dag i veka og ein laurdag i månaden, og dette er strekt ut over heile skuleåret. Såleis er ordet “vinter-“ noko misvisande i dag.
Tveit vidaregåande skule, Nedstrand i Tysvær
Tveit vgs på Nedstrand i Tysvær kommune – www.tveit.vgs.no – vart nedlagd av Rogaland Fylke i år 2001. Elevtalet var nede i 36 elevar.
Vinterlandbruksskulen i Ryfylke inngjekk avtalar med fylket om overtaking og dreiv denne tradisjonsrike skulen dei neste 5 åra. Elevtalet auka til 94 elevar og skulen vart så skilt ut som sjølvstendig organisasjon med eigen administrasjon og styre.
STYRET
Tysvær kommune: Merita Øvrebø
Bokn kommune: Roar Kro Medhaug
Vindafjord kommune: Drude Isene
Sauda kommune: Haldis Eikeland
Suldal kommune: Dag Fisketjøn – LEIAR I STYRET
Hjelmelamd kommune: Tårn Sigve Schmidt
Strand Kommune: Leidulf Sigmundstad
Forsand kommune: Tore Hans Mikkleson
Rennesøy kommune: Arne Marton Reianes
Finnøy kommune: Ronny Kavli
Tilsette

Dette er Asbjørn Ask. Han er rektor på skulen. Han er lektor og underviser i økonomifaga. På si driv han med sau – og har også nokre bikuber.

Denne dama heiter Hilde-Gunn Skeie Bøe. Ho er adjunkt og underviser i naturforvaltning og biologi. I tillegg har ho ein sauagard . Ho bur i Sveio

Dette er Nono Dimby, – læraren i Jord- og Plantefag. Og så er han konsulent på Landbruksavdelingen hos Fylkesmannen og har mykje å gjere, – men han er alltid blid !

Dett er Reidun Ferstad. Ho er kontorhjelp på skulen. Elles er ho turistvert i Trodlatysdal – ein avsidesliggande gard i Hjelmeland.

Denne mannen heiter Karl Olav Hodnefjell. Han underviser elevane i teknikk. Elles er han travelt oppteken med mjølkeproduksjon på heimgarden på Mosterøy og han er også servicemann for ei mekanisk landbruksberdrift.