41481905 kontor@vlr.no

VINTERLANDBRUK­SKULEN i ryfylke

eittårig agronom­utdanning for vaksne

agronomutdanning

Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse.

agronom-
utdanning

Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse.

GODT MILJØ

Skulen er liten og oversiktleg. Me har kun ein klasse i året, og får moglegheit til å bli godt kjend. Tidlegare elevar framhevar godt klassemiljø, og eit nettverk også etter skulen er ferdig, som ein viktig sideeffekt av skulen.

AKTUELT OG VAKSENT

Landbruksfag og natur/miljøfag står i sentrum. Elevane er i starten av å overta ein gard eller dei har drive ei stund, og nokre har ein draum om å få kjøpe seg ein gard. Felles for dei er at kunnskapen kan anvendast direkte i deira livsfase. På Vinterlandbruksskulen er det vaksne elevar – gjennomsnittsalderen ligg på ca 31 år, med variasjon frå 19 til 63 år. Alltid mange damer som tar utdanninga – ofte ca 50% av klassen.

VIKTIG KUNNSKAP

I landbruket må me spele på lag med mange vare og fine biologiske prosessar. I tillegg skal me tilpasse oss til offentlege regelverk og opinionen rundt oss. – Med ei agronomutdanning får du både oversikt og god innsikt i mange av desse utfordringane. Og samfunnet set meir og meir krav til at kunnskapen din skal kunna dokumenterast !

Opptakskrav
for skulen

Allmennutdanning frå vidaregåande skule og/eller realkompetanse. Minst 1/2 års landbrukspraksis.

Søknadsfrist er 1. mai.

Undervisninga og lærebøker er gratis. Lærebøkene kan du få kjøpe med deg etter studiet for halv pris. Du kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse for utdanning.

Rogaland Fylkeskommune gjev etter søknad skyssgodtgjering for reisa mellom heim og skule.

LIVET PÅ SKULEN

Få eit innblikk i vinterlandbruksskulen sin kvardag. 

LIVET PÅ SKULEN

Få eit innblikk i vinterlandbruksskulen sin kvardag. 

Pin It on Pinterest