Vinterlandbrukskulen i Ryfylke
home Contact
Agronomutdanning
vinterlandbruksskulen tilbyr studiet “VG 3 landbruk”. Etter eitt skuleår får du agronomkompetanse i alle landbruksfaga
Vinterlandbruksskulen flyttar frå kommune til kommune i Ryfylke og på Haugalandet
Kontakt
Adresse:  Ryfylkevegen 5469, 4137 Årdal
Telefon: 51 75 31 10, Telefaks: 51 75 31 12
E-post: kontor@ vlr.no
Reiseplan for Vinterlandbruksskulen

Dei neste åra blir reiseruta slik:  

 
 2015 - 2016 Hjelmeland kommune

  2016 - 2017 Hjelmeland kommune (to år pga stor søknad)
 
  2017 - 2018 Rennesøy Kommune
 
  2018 - 2019 Vindafjord Kommune

Hendingar
16.03.2015 00:00:00
Vinterlandbruksskulen i Ryfylke

Viktig Kunnskap

I landbruket må me spele på lag med mange vare og fine biologiske prosessar. I tillegg skal me tilpasse oss til offentlege regelverk og opinionen rundt oss. – Med ei agronomutdanning får du både oversikt og god innsikt i mange av desse utfordringane. Og samfunnet set meir og meir krav til at kunnskapen din skal kunna dokumenterast !

Vaksne elevar

På Vinterlandbruksskulen er det vaksne elevar – gjennomsnittsalderen ligg på ca 31 år, med variasjon frå 19 til 63 år. Alltid mange damer som tar utdanninga – ofte ca 50% av klassen.

Kunnskap som er aktuell

Landbruksfag og natur/miljøfag står i sentrum. Elevane er i starten av å overta ein gard eller dei har drive ei stund, og nokre har ein draum om å få kjøpe seg ein gard. Felles for dei er at kunnskapen kan anvendast direkte i deira livsfase.
VLR - slaktegrisVLR - landmalingVLR - ploying

Liten skule. Godt miljø.

Skulen er relativt liten og oversiktleg, og det er ein lett tone mellom oss som er der. Me har kun ein klasse. Og svært liten formell administrasjon.

Med felles opplevingar gjennom eit skuleår i klasserom og i mange utferder vert me godt kjende og skapar eit nettverk oss imellom. Eit breitt nettverk i ditt lokalsamfunn som er der resten av livet – til fagleg og til sosial glede. Mange tidlegare elevar framhevar dette som ein viktig sideeffekt av skulen!